Positiv vekst i vinterferien

Vintersesongen blir stadig travlare i Turistinformasjonen, med meir besøk og meir salg for kvart år som går.

I vinterferievekene får vi ein vekst i antall besøkande i forhold til ellers i januar/februar, og det aukar også for kvart år: frå 2015 til 2017 har besøkstala i veke 8 og 9 auka med nesten 30 %. Veksten i besøkstalet så langt i år tydar på at det i år vil bli enda meir turistar og tilreisande som kjem innom Turistinformasjonen i vinterferien.

dsc03761.jpg

Vinterferien går av stabelen i veke 8 for austlandet og veke 9 for vestlandet (inkludert Bergen). Det er vanskeleg å måle eksakt, men me har inntrykk av at det blir meir travelt når austlandet har vinterferie fordi mange reiser til Bergen frå andre deler av landet. Veke 9 er meir «normal» fordi mange vestlendingar brukar fridagane til å reise bort. Uansett er det lett å merke at det er fleire nordmenn blant turistane i desse to viktige vekene.

Henvendelsane me får i Turistinformasjonen i disse vekene er ikkje heilt ulike dei me får ellers i lavsesongen, men det er meir spørsmål om familie- og barnevennlige attraksjonar, som til dømes Fløibanen, Akvariet og VilVite. Mange, også dei lokale, får seg ein oppdatering på kva attraksjonar Bergen og Hordaland har å by på, og dei fleste store attraksjonane er opne også om vinteren. Når det gjeld fjordturar og rundturar med båt er det berre ei handfull som er tilgjengelig samanlikna med sommaren, og det blir dermed meir press på dei turane som går. Kapasiteten er likevel god nok til at ting sjeldan blir utsolgt, heldigvis for turistane.

Likevel, både i vinterferien og påsken (som er i snarlig anmarsj) ser me at dei korte vinteropningstidene er litt utfordrande – dei fleste attraksjonar stenger dørene klokka 15.00 eller 16.00, skjønt nokre er opne også seinare. Det gjer at me ofte må vere til hjelp med å planlegge dagen på ein god måte. Det er også eit poeng å utnytte været slik at man kan benytte periodar med finvær til utendørsaktivitetar og turar.

Bergenskortet er eit populært produkt heile året, men særlig i vinterferien. Mange familiar benyttar seg av fordelane dette kortet gir, og fleire attraksjonar som vanligvis har rabatterte prisar er faktisk gratis med Bergenskortet i vinterhalvåret. Dette gjer Bergenskortet til eit veldig godt produkt som er lett å selge.

Sjølv om vi får ein aukning i antal norske besøkende, er hovudvekten framleis utlandstrafikken. Som alltid er det mange frå Storbritannia, USA, Canada og Tyskland, i tillegg til Spania, Kina, Sør-Korea og Asia. Interessant nok er det alltid mange frå Australia på reise hit om vinteren. Som regel tar dei eit par dagar i Bergen før dei skal vidare med Hurtigruten. Det har også komme mange frå Ungarn den siste tida, noko me nok kan takke Wizz Air si direkterute fra Budapest for.

Været denne vinteren har vore eit kapittel for seg, men det tydeligvis verst for oss som bur i Bergen – det er lite klaging frå turistane. For mange er bergensregnet, kulden og snøen eit autentisk og eksotisk innslag, sjølv om det kan vere vanskeleg å forstå når uværet er på sitt minst sjarmerande. Ein glimrande illustrasjon på dette er den middelaldrande turisten som var innom i byrjinga av februar. Han skulle på ein tre-timars fjordtur på Osterfjorden i striregn og såg veldig fram til det – han budde i Cape Town i Sør-Afrika og hadde reist frå 40 varmegrader og kritisk vannmangel. Han skulle etter eige sigende senda bilder av all nedbøren til familie og venner heime.

Annkristin_grå

Ann Kristin Schei, Avdelingsleder Bergen Turistinformasjon

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s