Sesongstart i Turistinformasjonen

Hovedsesongen står plutseleg for døra og bankar. Den kjem like brått på kvart år, og plutselig fylles Turistinformasjonen opp av både turistar og sesongansatte. Salet av rundturar og fjordturar mangedobles, og sesongstengte attraksjonar vaknar opp fra vinterdvalen.

Det gjeld å vera forberedt, og me i Turistinformasjonen byrjar forberedelsane alt før påske. Det er viktig, for hvis me ikkje har alt på stell innan mai rasar korthuset saman – i alle fall nesten.

på båt

Eit knippe av årets ansatte på studietur til Skjerjehamn.

Turistinformasjonen består av fem fast tilsette. I løpet av sommarsesongen blir bemanninga auka med meir enn 30 sesongansatte. Om lag ein tredjedel av desse er heilt nye i jobben, men dette kan variere frå år til år – dei fleste er studentar som kanskje får fast jobb etter endt utdanning. Det betyr at dei fleste jobbar tre sesongar hjå oss, men det er mange som har jobba meir enn det, faktisk oppimot 10 sesongar.

Prosessen med å finne nye sesongansatte byrjar alt på vinteren. Turistinformasjonen får inn søknadar stort sett heile året, men stillingsutlysningen skrivas på seinvinteren. Talet på antallet søknadar er veldig høgt, og det ligg mykje arbeid i å finne riktige personar. Dei «riktige» personane er dei som er interesserte i sesongarbeid fleire år framover, som har gode kunnskapar om Bergen, som har gode språkkunnskapar og som klarar å jobbe effektivt i ein jobb som til tider er svært hektisk. Det er også viktig at personen snakkar flytande norsk – all informasjon internt og kommunikasjon med attraksjonar, tilbydarar etc. foregår på norsk, og det må gå knirkefritt.

Hovudsesongen har tradisjonelt starta ved inngangen til mai månad, men me ser at dette er eit tidspunkt som flytter seg for kvart år. Det skjer stadig tidlegare, og alt i april er me avhengig av fleire sesongansatte for å ta hand om alle turistane. Dette har også vore tilfelle i år. Norled starta Bergen-Flåm-ruta i midten av april i år, to veker tidlegare enn vanleg, og dette har vore svært positivt for tilreisande, som får fleire opplevelsesmuligheiter.

Idylliske Skjerjehamn, under 2 timar frå Bergen.

Omtrent ved sesongstart har Turistinformasjonen ein årlig studietur. Dette er ein tur med éin eller to overnattingar til eit av dei viktige områda i området nær Bergen, som for eksempel Hardanger, Flåm eller Nordhordland. Studieturen er viktig for å bli kjent med reiselivet og dei lokale aktørane, og få førstehands erfaring med å vera turist i det aktuelle området. Men også den sosiale delen er viktig siden samspelet mellom dei ansatte må være, og er, god når man skal jobba saman i eit hektisk miljø.
Årets studietur gjekk til Skjerjehamn, med overnatting frå laurdag til søndag. Me fekk ein grundig introduksjon til Skjerjehamn og tilboda og muligheitene der, samt middag og overnatting på ein av dei mest spennande og interessante destinasjonane i området!

Dei sesongansatte har for øvrig muligheit til å besøka museum og attraksjonar gratis gjennom heile sesongen, og å prøve det som finst av rundturar – personleg erfaring og kjennskap til små, men viktige detaljar er uunnværlig når man skal forklare og selge alt det Bergen og omegn har å tilby.

Sesongen 2018 er i gang, og det ser svært lovande ut så langt!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s